To
kjærleiksdikt…
Begge av
Halldis Moren Vesaas.
Begge fra
hennar siste diktsamling «Livshus».
Eg må nesten
poste dei i lag, for sjølv om eg er utrulig glad i kvart eit av dei, så gir dei
meg ei ekstra glede når dei står i lag…
Frå boka vart
varsla og til den kom ut så gjekk eg spent og trippa i forventningsfull glede…
før boka kom i butikk hyllene så døde Halldis Moren Vesaas 87 år gamal. Dette
gjorde ikkje spenninga mindre, no var det garantert at dette var den siste
samlinga som kom frå den dama.
Og boka var
ingen skuffelse… Trur kanskje orde eg synes skildrar den best er LEVANDE.
Og blant alle
gullkorna i boka så står då desse to kjærleiks dikta etterkvarandre… Dikt ho
skreiv til Gisle Straume etter dei fann kjærleiken hjå kvarandre heilt sist i
livet.
Ferdaminne frå sommaren 1985
Vi har fått rom i 2. etasje.
Da er det vel ingen vits
i å ta heisen?
Sei ikkje det.
Vi tar alltid heisen,
opp og ned.
Innestengd i den vesle boksen
blir vi med eit
så inderleg to-eine
at vi må kysse kvarandre
så snart heisen set seg igang.
Korleis det er inni deg
den blunken det varer
veit eg ikkje.
Men inni meg bobblar kavar gong
ei lita spenning:
Rekk vi det?
Rekk vi det før heisen stansar o
og vi må ut?
Og jammen rekk vi det
gong etter gong etter gong.
Vi tar alltid heisen
Er da
ikkje herlig..? Tenk då… Halldis Moren Vesaas var født 18 november 1907, kjapp
håverekning seier oss då at ho gjekk mot 78 år sommaren 1985… Nesten 78 år
gamal skreiv ho slik, skreiv så ungt, friskt, ertande, muntert… skreiv så
sprudlande levande…
Da er
STORT… da diktet i seg sjølv er nok til at eg er kjempe glad for at Halldis
Moren Vesaasd forelska seg og vart kjærast med Gisle Straume så seint i livet.
Diktet
om kyssing i heisen gjer meg glad.
Diktet
som stod på sida før i boka var som nevnt òg eit kjærleiks dikt… men eit heilt,
heilt annerledes kjærleiks dikt, da diktet er lyrisk, ærbødig, ydmykt,
respektfullt, høgstemt (alt på ein gong)… eit fantastisk dikt som nok må seiast
ha høgare litterær kvalitet. Sjølv om diktet om kyssing i heisen får meg glad
og munter, så er dette andre heilt klart det flottaste kjærleiks diktet eg
nokon sinne har lest… Diktet eg snakkar om kjem her.
Har vandra så langt -
Har vandra så langt og så lenge,
på sprek – og på mødig – fot.
Har framleis stor vandrarglede ,
framleis stort vandrarmot,
men veit sjølvsagt at kanskje
alt bortom neste sving
krasar det is på vegen
og markene kvitnar ikring.
Veit det. Har tenkt: Av livsens blomar
har du fått plukke så mange.
Det veks ikkje fleire av dei, for deg.
Kvite og utan ange,
kalde og stive er dei som står
og ventar deg no, i eit ukjent land,
og når du rører dei, kvitnar
og stivnar som dei di hand.
Roleg vandrar du vegen fram.
Rundar den svingen. Kva skjer?
Du stansar, blir ståande, kan ikkje tru
at det er sant, det du ser:
I staden for dødens blomsterhage,
kald, kvit og stiv,
duvar framfor deg eit vell av blomar
som gløder av liv, av liv -
og nær deg kviskrar den kjæraste røyst:
Visst er det sant. Du skal tru
dettte du ser. Det er ditt. Det er vårt.
Det er oss. Det er eg og du.
Så
utrulig flott skrevet… sjølv om eg endo har litt tid igjen til eg kan
identifisera meg med desse or da så er det blitt eit av dei absolutte favoritt
dikta mine, blitt eit dikt eg tek fram igjen og igjen og igjen for å kose meg
med det, beundre det… Begge dikta gir meg masse, masse, masse, men ilag gir dei
meg endo meir… Saman viser dei slik bredde i det som budde i Halldis Moren
Vesaas, blir litt bevis på kor mykje ho gav av seg sjølv i det ho skreiv
bevis på
korleis ho hang med i tida, blir bevis på at ho kunne fornye seg… og gir
kanskje eit håp om at livet ikkje tek slutt sjølv om ein rundar både 40 og 50
og 60 og 70 og endo meir enn det… eit håp om at det går ann å bevar livs
appetitt, entusiasme og la seg rive med, sjølv om tenåra er tilbakelagt for
lenge, lenge, lenge sidan…
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar