Johann Wolfgang von Goethe sa "Minst en gang om dagen bør vi høre en liten sang, lese et godt dikt, se et vakkert bilde, og - om mulig - si et par fornuftige ord"... I denna bloggen tenkte eg å kvar dag (om mulig) legge ut eit innlegg som fyller minst eit av desse punkta.
Viser innlegg med etiketten Fra barnelitteraturen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fra barnelitteraturen. Vis alle innlegg
lørdag 9. juli 2016
I dag føler eg for eit barnedikt, så eg har henta fram Marit Tusvik igjen...
TENK AT VINDEN
Tenk at vinden som
gyngar granene våre
kan ha brust i palmeblad
ruska i ein jaguarpels
blåse et løveøyre reint
og støvsugd pumanesebor!
Full av framande lydar
blæs vinden seg heilt inn i Sognefjorden
og slenger løvebrøl mot husveggane!
M. Tusvik
søndag 17. januar 2016
Ei stund sidan eg posta eit barnedikt...
Vepsen
I stripet badedrakt
og ør av dødsforakt
flyr den med hevet spyd
midt i sin egen lyd.
Et ondt og giftig stikk
det korte øyeblikk
av salig raseri.
Og så er alt forbi.
Inger Hagerup
søndag 8. november 2015
I natt vil eg legge ut eit av barnedikta til Halldis Moren Vesaas...
Tøysevers om katten
Eg sette brillene på min katt, san,
for at eg betre skulle kjenne´n att, san.
Men katten sa at det er reint umogleg
å bruke briller på musejakt.
Nei, å nei, å nei, å jaså,
nei, å nei, å nei, å jaså.
Men katten sa at det er reint umogleg
å bruke briller på musejakt.
Så tok eg brillene av min pus att,
og da tok katten seg straks ei mus att.
Da skjøna eg at det er reint umogleg
å bruke briller på musejakt.
Nei, å nei, å nei, å jaså,
nei, å nei, å nei, å jaså.
Da skjøna eg at det er reint umogleg
å bruke briller på musejakt.
H. M. Vesaas
onsdag 21. januar 2015
I dag veit eg ikkje kven sine ord eg vil legge ut... hmm... jo... det er tid for eit barne dikt igjen...
Mors gode råd
Og ikkje putt
erter i nasen
mens eg er borte!
sa mor vår og gjekk
Det hadde vi aldri
tenkt på før, så
det gjorde vi
Marit Tusvik
Og ikkje putt
erter i nasen
mens eg er borte!
sa mor vår og gjekk
Det hadde vi aldri
tenkt på før, så
det gjorde vi
Marit Tusvik
fredag 29. august 2014
Eg tek fram eit av barnedikta til André Bjerke i dag...
Farao på ferie
var Farao på ferie
hos farmora og mormora.
En morgen klatret mormora
til Farao i furua,
og så begynte moroa.
- Hva ler´u a? sa farmora.
- Av mormora, den furia!
- Hvor ser´u a? sa farmora.
- I furua! sa Farao.
- Kom ned igjen! sa farmora
til mormora i furua.
- I morra, ja! sa mormora
til farmora til Farao.
Du ser av vår historie
at det å dra på ferie
i landet Miramarmora
til farmora og mormora,
den furia i furua,
har Farao hatt moro av!
André Bjerke
André Bjerke
torsdag 17. juli 2014
Einar Økland får ordet med eit barnedikt i dag...
Tenk på meg
Då eg var eit strå,
blei eg slukt av ei ku.
Eg blei til ein mjølkedrope.
Og denne dropen drakk du.
Tenk på meg –
og kjenn hjarta ditt banke.
Nå har du skapt dropen
om til ein tanke.
Einar Økland
fredag 18. oktober 2013
Monsun tid og regn i Thailand i dag, då e da berre ein ting å gjer, berre eit dikt som gjer nytta...
...på skikkelig sure og triste regnværs dagar er det einaste diktet som kan lyse litt opp eit barnedikt...
sjølv om det ikkje er norsk vår rundt meg, men monsun i Thailand, så måtte Rune Belsvik fram i dag...
sjølv om det ikkje er norsk vår rundt meg, men monsun i Thailand, så måtte Rune Belsvik fram i dag...
”Sølesong
om våren”.
Sjå
kor allting smeltar no, no tinar fuglesongen,
Sjå
kvar snømann veltar jo, og der ligg den ballongen,
Der
ligg spaden frå i fjor, der står naboen og glor,
Og
kyrne utpå bøen, no stig dei fram or snøen.
Hopp
og sprett i sølepytt, ut å skli – inn og bytt.
Jammen
santen tullefanten, hoppa i på nytt.
Blomane
spring ut igjen, me fangar dei i vase,
Kjell
får fotballsko og skjenn, og kviser på si nase,
Kom,
me klatrar heilt til topps, kanskje får me kvar vår drops,
Og
plasterlapp på kneet, viss me fell ned frå treet.
Hopp
og sprett i sølepytt, ut og skli- inn og bytt,
Jammen
santen tullefanten, hoppa i på nytt.
Jammen
er det våren, du, ja, no er han tilbake,
Kor
kan han ha vore, tru, med sol og sølekaker?
Alt
som glei står no i ro, akebrett og glatte sko,
Mens
kyr og ungar brølar, og veltar seg i søla.
Hopp
og sprett i sølepytt, ut og skli- inn og bytt,
Jammen
santen tullefanten, hoppa i på nytt.
Rune Belsvik
fredag 4. oktober 2013
Egentlig er det berre eit Inger Hagrup dikt eg virkelig har eit forhold til...
Mauren
Liten?
Jeg?
Langtifra.
Jeg er akkurat stor nok.
Fyller meg selv helt
på langs og på tvers
fra øverst til nederst.
Er du større enn deg selv kanskje?
Inger Hagrup
Men til gjengjeld meinar eg vel at detta er eit av dei (hvis ikkje det) aller, aller beste barnedikt som nokon gong er skrevet...
tirsdag 1. oktober 2013
Eg likar det når Marit Tusvik skriv for born...
På gjennomreise
Flodhesten gjekk
gjennom gatene
så naturleg
han berre kunne
for ikkje å vekke oppsikt.
Likevel glodde folk enormt
og ein modig mann spurde:
"Kvifor går du her
gjennom gatene våre,
du - eit typisk sumpdyr?"
"Kan vi ikkje la det
vere eit mysterium?"
svara flodhesten.
Marit Tusvik
Flodhesten gjekk
gjennom gatene
så naturleg
han berre kunne
for ikkje å vekke oppsikt.
Likevel glodde folk enormt
og ein modig mann spurde:
"Kvifor går du her
gjennom gatene våre,
du - eit typisk sumpdyr?"
"Kan vi ikkje la det
vere eit mysterium?"
svara flodhesten.
Marit Tusvik
torsdag 11. april 2013
På tide med eit barne dikt...
BEDRØVET FUGL
EN FUGL SOM HETER PINDIA-
PAMPISTIKO-PAMPIBANON,
HAR ALDRI BODD I INDIA,
OG ALDRI BODD I LIBANON.
DEN ER AV FARGE MØRKEGUL,
OG ER EN SVÆRT BEDRØVET FUGL
DEN ER NOK SVÆRT TUNGSINDIG, JA,
MEN BLIR DEN ALDRI BLID, DA MON?
NEI, SPØR DU HVORFOR PINDIA-
PAMPISTIKO-PAMPIBANON
ER SÅ BEDRØVET SOM DEN ER,
SÅ SKAL JEG GI DEG SVARET HER.
OG SVARET ER AT PINDIA-
PAMPISTIKO-PAMPIBANON,
SOM ALDRI SANG I INDIA OG ALDRI
FLØY I LIBANON,
DEN SØRGER SOM EN FANGET PRINS
FORDI DEN SLETTES IKKE FINS!
MEN HVORFOR NETTOPP LIBANON?
OG HVORFOR NETTOPP INDIA?
OG KAN VI IKKE SI, DA MON,
AT VI HAR LAGET PINDIA-
PAMPISTIKO-PAMPIBANON?
SÅ FÅR DEN SOVE GODT I KVELD
FORDI DEN FINS ALLIKEVEL!
André Bjerke
torsdag 31. mai 2012
Kan ikkje legge ut Førstemann utan Andremann
Andremann
Han øvde og prøvde
det beste han vann
men blei aldri bedre
enn andremann
Alltid tapte han med eit par meter
alltid åt einkvan fleire poteter
og kom han til topps
i det høgaste tre
var alltid ein annan
på vegen ned
til og med inne på dass
måtte han venta på plass
Han øvde og prøvde
det beste han vann
men blei ikkje bedre
en andremann
Han ville så gjerne ...
Rune Belsvik
Han øvde og prøvde
det beste han vann
men blei aldri bedre
enn andremann
Alltid tapte han med eit par meter
alltid åt einkvan fleire poteter
og kom han til topps
i det høgaste tre
var alltid ein annan
på vegen ned
til og med inne på dass
måtte han venta på plass
Han øvde og prøvde
det beste han vann
men blei ikkje bedre
en andremann
Han ville så gjerne ...
Rune Belsvik
På tide med eit av barnedikta til Rune Belsvik
Førstemann
Han var så flink
å springa fort
han sprang
og srang seg aldri bort
først i mål
først til fjells
sliten som ein makk til kvelds
Han orka ikkje
å gå på do
men kraup til sengs
med dress og sko
-det var mykje
han skulle gjort
men han rakk ikkje meir
enn å springa fort
Rune Belsvik
Han var så flink
å springa fort
han sprang
og srang seg aldri bort
først i mål
først til fjells
sliten som ein makk til kvelds
Han orka ikkje
å gå på do
men kraup til sengs
med dress og sko
-det var mykje
han skulle gjort
men han rakk ikkje meir
enn å springa fort
Rune Belsvik
Abonner på:
Innlegg (Atom)