fredag 6. april 2012

Meir Bente Bratlund Mæland


Når lyset sloknar

Det hender at lyset sloknar.  At dagane
blir borte i ei grå tåke. At alle dører er
stengde og alle ord er utan kraft.
Det hender at eit nake innestengd rop
rungar taust mellom nattmørke murar og
ingen veit.
Og likevel ligg handa der så nokon kan
nå. Likevel er der hud som nokon kan røra
ved. Om nokon var der. Om nokon turde
koma nær desse mørke dagars tunge
tonar.
Om nokon ville henta ei ørlita lysstrime
frå sin dag og by henne fram.

Bente Bratlund Mæland

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar