Johann Wolfgang von Goethe sa "Minst en gang om dagen bør vi høre en liten sang, lese et godt dikt, se et vakkert bilde, og - om mulig - si et par fornuftige ord"... I denna bloggen tenkte eg å kvar dag (om mulig) legge ut eit innlegg som fyller minst eit av desse punkta.
Viser innlegg med etiketten Aasmund O Vinje. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Aasmund O Vinje. Vis alle innlegg
søndag 8. november 2015
På tide med eit av Vinje sine dikt igjen...
Livet er godt
God på sin vis
må kvar vera funnen.
Aldri eg fann
nokon syndig i grunnen.
God på sin vis
visst kvar ein må vera.
Naud må der til
når vondt han skal gjera.
Kvar på sin vis
si sæla vil vinna,
alltid han leitar,
men sjeldan kan finna.
Den som med hat
frå livet seg vende,
livet til gagns
rett aldri han kjende.
Aa. O. Vinje
tirsdag 9. juni 2015
Her kjem eit Vinje dikt...
Ved Rondane
No seer eg atter slike Fjøll og Dalar,
som deim eg i min fyrste Ungdom saag,
og sama Vind den heite Panna 'svalar;
og Gullet ligg paa Snjo, som fyrr det laag.
Det er eit Barnemaal, som til meg talar,
og gjer' meg tankefull, men endaa fjaag
Med Ungdomsminni er den Tala blandad:
Det strøymer paa meg, so eg knapt kan anda.
Ja, Livet strøymer paa meg, som det strøymde,
naar under Snjo eg saag det grøne Straa.
Eg drøymer no, som fyrr eg altid drøymde,
naar slike Fjøll eg saag i Lufti blaa.
Eg gløymer Dagsens Strid, som fyrr eg gløymde,
naar eg mot Kveld af Sol eit Glimt fekk sjaa.
Eg finner vel eit Hus, som vil meg hysa,
naar Soli heim mot Notti vil meg lysa.
Alt er som fyrr, men det er meir forklaarat,
so Dagsens Ljos meg synest meire bjart.
Og det, som beit og skar meg, so det saarat,
det gjerer sjølve Skuggen mindre svart;
sjølv det, som til at synda tidt meg daarat,
sjølv det gjer' harde Fjøllet mindre hardt.
Forsonad' koma atter gamle Tankar:
det sama Hjarta er, som eldre bankar.
Og kver ein Stein eg som ein Kjenning finner,
for slik var den, eg flaug ikring som Gut.
Som det var Kjæmpur spyr eg, kven som vinner
af den og denne andre haage Nut.
Alt minner meg; det minner, og det minner,
til Soli ned i Snjoen sloknar ut.
Og inn i siste Svevn meg eigong huggar
dei gamle Minni og dei gamle Skuggar.
Vinje
No seer eg atter slike Fjøll og Dalar,
som deim eg i min fyrste Ungdom saag,
og sama Vind den heite Panna 'svalar;
og Gullet ligg paa Snjo, som fyrr det laag.
Det er eit Barnemaal, som til meg talar,
og gjer' meg tankefull, men endaa fjaag
Med Ungdomsminni er den Tala blandad:
Det strøymer paa meg, so eg knapt kan anda.
Ja, Livet strøymer paa meg, som det strøymde,
naar under Snjo eg saag det grøne Straa.
Eg drøymer no, som fyrr eg altid drøymde,
naar slike Fjøll eg saag i Lufti blaa.
Eg gløymer Dagsens Strid, som fyrr eg gløymde,
naar eg mot Kveld af Sol eit Glimt fekk sjaa.
Eg finner vel eit Hus, som vil meg hysa,
naar Soli heim mot Notti vil meg lysa.
Alt er som fyrr, men det er meir forklaarat,
so Dagsens Ljos meg synest meire bjart.
Og det, som beit og skar meg, so det saarat,
det gjerer sjølve Skuggen mindre svart;
sjølv det, som til at synda tidt meg daarat,
sjølv det gjer' harde Fjøllet mindre hardt.
Forsonad' koma atter gamle Tankar:
det sama Hjarta er, som eldre bankar.
Og kver ein Stein eg som ein Kjenning finner,
for slik var den, eg flaug ikring som Gut.
Som det var Kjæmpur spyr eg, kven som vinner
af den og denne andre haage Nut.
Alt minner meg; det minner, og det minner,
til Soli ned i Snjoen sloknar ut.
Og inn i siste Svevn meg eigong huggar
dei gamle Minni og dei gamle Skuggar.
Vinje
fredag 17. april 2015
Eit Vinje dikt som kan ver verdt å ha i tankane...
Den verste Tru
Seg sjølv i alt at lita paa
er verste Tru, som finnst:
Dei beste tankar tidt vi faa
af deim vi trudde mindst.
Den Manna-Munen liten er
blandt Folk med Folkevit:
Ein Auga for det grøne fær,
og Ein for annan Lit.
Den Mann, som trur han alting kann
og veit det beste sjølv,
og ikki trur ein annan Mann,
den Mann er ingen Døl.
Aa. O. Vinje
Seg sjølv i alt at lita paa
er verste Tru, som finnst:
Dei beste tankar tidt vi faa
af deim vi trudde mindst.
Den Manna-Munen liten er
blandt Folk med Folkevit:
Ein Auga for det grøne fær,
og Ein for annan Lit.
Den Mann, som trur han alting kann
og veit det beste sjølv,
og ikki trur ein annan Mann,
den Mann er ingen Døl.
Aa. O. Vinje
fredag 20. mars 2015
Tid å finne fram eit av dei kjente kjære Vinje dikta igjen...
Tytebæret
Tytebæret uppaa tuva
voks utav ei liti von.
Skogen med si grøne huva
fostrar mang ein raudleitt son.
Ein gong seint um hausten lagde
liten svein til bær-skogs ut;
"Raudt eg lyser," bæret sagde,
"kom aat meg, du vesle-gut.
Her ifraa du maa meg taka:
moge bær er utan ro.
Mal meg sundt, at du kan smaka
svaledrykken av mitt blod!
Mognar du, so vil du beda
just den same bøn som eg.
Mogen mann det mest maa gleda,
burt for folk aa gjeva seg."
Tytebæret uppaa tuva
voks utav ei liti von.
Skogen med si grøne huva
fostrar mang ein raudleitt son.
Ein gong seint um hausten lagde
liten svein til bær-skogs ut;
"Raudt eg lyser," bæret sagde,
"kom aat meg, du vesle-gut.
Her ifraa du maa meg taka:
moge bær er utan ro.
Mal meg sundt, at du kan smaka
svaledrykken av mitt blod!
Mognar du, so vil du beda
just den same bøn som eg.
Mogen mann det mest maa gleda,
burt for folk aa gjeva seg."
Aa. O. Vinje
fredag 18. juli 2014
I dag vil eg dele eit av Aasmund Olavson Vinje sine kjente, kjære dikt...
DU GAMLE MOR
Du gamle mor, du sliter arm,
so sveitten er som blod,
men endaa i ditt hjarta varm.
Og du meg gav min sterke arm
og dette ville mod.
Du turka taaror av mitt kinn
so mang ein Herrens gong
og kyste meg som guten dinog blev meg uti barmen inn
min sirgerfulle sorg.
Og gamle du, du gav til meg
mi mjuke hjarterot,
og difor maa eg elska deg,korhelst eg vankar paa min veg,
um so paa villan fot.
Aasmund Olavson Vinje
fredag 12. april 2013
Nokon dagar berre må eg kose meg med nokre Aasmund Olavsson Vinje ord...
DET SYNG FOR STOREGUT
Han gjekk i skogen Storegut
ein dag upp under Breito-nut.
Og som han gjekk der upp og ned
og leita etter emnings-tre,
med eitt som nagla fast han stod:
for mot'n kom eit gjente-ljod,
som lokkar geit og sau og ku
mot kvelden heim til sæterbu
og bed ifrå seg bjørn og skrubb;
og når ho dette her song på,
som tårer kom i mælet då:
"Den dag kjem aldri at eg deg gløymer;
for om eg søver, eg om deg drøymer.
Om nott og dag er du like nær,
og best eg ser deg når myrkt det er.
Du leikar kringom meg der eg vankar.
Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du stødt meg fylgjer på ferdi mi,
som skuggen gjeng etter soli si.
Når nokon kjem og i klinka rykkjer,
d'er du som kjem inn til meg, eg tykkjer:
Eg sprett frå stolen og vil meg te,
men snart eg sig atter ende ned.
Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur d'er du som gjeng der og tuslar!
når sumt der burte eg ser seg snu,
eg kvekk og trur det må vera du.
I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
d'er du eg ser; deg i alt eg høyrer:
i song og fløyte- og fele-låt,
men endå best i min eigen gråt."
Aasmund Olavsson Vinje
tirsdag 26. juni 2012
Bloggen må jo ha meir enn eit Aasmund Olavsson Vinje dikt...
DET FYRSTE DU HAR Å GJERA
Det fyrste du har å gjera, mann,
det er å døy,
når ikkje lenger du elska kan
den fagre møy.
For då er det ute med spræke gut
og mannens verd,
for då er livet alt brunne ut,
det oske er.
Og derfor stødt som det beste galdt
eit hjartelag.
Og derfor mannen han elskar alt
til døyand-dag.
Og lever nokon som ikkje liv
av kjærleik saug,
då gjeng han atter og sviv og driv
som bleike draug.
Aasmund Olavsson Vinje
Det fyrste du har å gjera, mann,
det er å døy,
når ikkje lenger du elska kan
den fagre møy.
For då er det ute med spræke gut
og mannens verd,
for då er livet alt brunne ut,
det oske er.
Og derfor stødt som det beste galdt
eit hjartelag.
Og derfor mannen han elskar alt
til døyand-dag.
Og lever nokon som ikkje liv
av kjærleik saug,
då gjeng han atter og sviv og driv
som bleike draug.
Aasmund Olavsson Vinje
mandag 16. april 2012
I dag lar eg Vinje få ordet...
Den dag kjem aldri
Den dag kjem aldri at eg
deg gløymer,
for um eg søver, eg um deg
drøymer.
Um nott og dag er du like
nær,
og best eg ser deg når
myrkt det er.
Du leikar kringom meg der
eg vankar.
Eg høyrer deg når mitt
hjarta bankar.
Du støtt meg fylgjer på
ferdi mi,
som skuggen gjeng etter
soli si.
Når nokon kjem og i klinka
rykkjer,
d'er du som kjem inn til
meg, eg tykkjer:
Eg sprett frå stolen og
vil meg té,
men snart eg sig atter
ende ned.
Når vinden lint uti lauvet
ruslar,
eg trur d'er du som gjeng
der og tuslar!
Når sumt der burte eg ser
seg snu,
eg kvekk og trur det må
vera du.
I kvar som gjeng og som
rid og køyrer,
d'er deg eg ser; deg i alt
eg høyrer:
I song og fløyte- og
felelåt,
men endå best i min eigen
gråt.
Aasmund
O Vinje
Abonner på:
Innlegg (Atom)