Akvarell
frå Vestlandet
Kald
tjøre på grove kinn.
Fersk
vind og tørr båt.
Dette
er stranda som skil
mellom
vår og sommar.
Kvite
fuglar flyg bort
lik
redde stjerner etter ei natt
med
ulovleg rus,
og
korte menn går ned bakken
til grå
naust.
Ennå er
det for tidleg,
klakkar
støvleskaft til kvarandre.
Graset
er kort og fisken står djupt.
Ja, ja.
Einar Økland
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar