Viser innlegg med etiketten Marit Tusvik. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Marit Tusvik. Vis alle innlegg

fredag 19. august 2016

Ser det er godt over eit år sidan forrige Marit Tusvik dikt, det må eg jo gjer noko med...




GODT Å VITE

Eg trudde det var eg 
som haldt handa di
så fast

Men no 
når eg løysner grepet 
er du like nær 

Marit Tusvik 

lørdag 9. juli 2016

I dag føler eg for eit barnedikt, så eg har henta fram Marit Tusvik igjen...





TENK AT VINDEN

Tenk at vinden som
gyngar granene våre
kan ha brust i palmeblad

ruska i ein jaguarpels
blåse et løveøyre reint
og støvsugd pumanesebor!

Full av framande lydar
blæs vinden seg heilt inn i Sognefjorden
og slenger løvebrøl mot husveggane!


M. Tusvik

onsdag 21. januar 2015

I dag veit eg ikkje kven sine ord eg vil legge ut... hmm... jo... det er tid for eit barne dikt igjen...

Mors gode råd

Og ikkje putt
erter i nasen
mens eg er borte!
sa mor vår og gjekk

Det hadde vi aldri
tenkt på før, så
det gjorde vi

Marit Tusvik

tirsdag 1. oktober 2013

Eg likar det når Marit Tusvik skriv for born...

På gjennomreise

 Flodhesten gjekk
gjennom gatene
så naturleg
han berre kunne
for ikkje å vekke oppsikt.
Likevel glodde folk enormt
og ein modig mann spurde:
"Kvifor går du her
gjennom gatene våre,
du - eit typisk sumpdyr?"
"Kan vi ikkje la det
vere eit mysterium?"
svara flodhesten.


Marit Tusvik