DET MÅ
Det må
vera ein stad det blir gøymt,
det vi
lever i lag,
kvar
stund vi har lett og drøymt,
kvar
nykveikt dag,
kvart
smil og kvar varleg hand,
kvar
time av trøyst.
Det er
for stort, det vi har
til å
siga ifra oss.
Ein stad
må det setja seg f'àr
og bia
på oss,
ein stad
eg ikkje kan nemna
og ikkje
forstår,
bakom
dei slokna stjerner
og folna
år.
Sigmund
Skard
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar