lørdag 14. april 2012

Dagens dikt:


HAN SOM SLO TIDA I HEL

Han var ein bøddel
av  heile si sjel.
Han gjekk og slo tida i hel.

Han skamhogg ho
lekk for lekk.
Han slakta kvar dagen
han fekk.

Han slakta dei alle,
men så vart det stogg.
Dagen tok øksa ifrå han
og hogg.
                       Nils Slettemark

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar