Viser innlegg med etiketten Tarjei Vesaas. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tarjei Vesaas. Vis alle innlegg

mandag 16. februar 2015

I dag er ein fin dag for eit til dikt av Tarjei Vesaas...



 Blind er dagen

Knupp i øyde li -
Å deg,
ventande fåfengt
i ditt gråe skal
på ein pust frå oss venleikshungrande
for å kunne bli blom.

Kjelde bak de tunne hinne -
Å deg,
så nær at du bårar tett
av trampen frå dei tyrste,
dei med leppene hovne av sakn
etter dine djup.

Busk med eld i -
Å deg,
som vi har stunda etter
meir enn noken ting,
din tornetagg som vi vik for dagleg
utan å sjå din glod. -

Tarjei Vesaas

onsdag 1. oktober 2014

Satt og bladde i Tarjei Vesaas si dikt samling "Liv ved straumen" og fann dette diktet eg vil dele i dag...



Heim i kveld


Det blå kom fram frå bortom
alt som ter,
og klær eit kveld-dimt fjell
som du står ser.
Det blå er inni deg
og ventar der.

Det blå syng lydlaust,
djupnar imot svart.
Det er ditt fjell når du
kjem heim frå fart.
Det talar aldri om
kva livet vart.

Det stumme fjell som styrer
straumens gang,
og trøytte mann som styrer
mot eit fang
står like stille
i den dimme sang.

Tarjei Vesaas

torsdag 25. september 2014

"Regn i Hiroshima" er blant dei beste dikta til Tarjei Vesaas


REGN I HIROSHIMA



Idet ho lyfte handa

for å ta tekanna

kom eit blindande ljos ­–

var ikkje meir

alt var borte

dei var borte

omlaga til damp og sky,

gåtefullt, oppstigande og stumt.

Rop var ikkje rop i dette.

Men jorda slo høgt og vilt

ein knyttneve mot himmelen

ved mishandling,

– ved det attlevande veit

verda rundt

men ikkje orkar fatte:

Hiroshima –


Stigande, milevide slør,

dei var i det,

gått attende til ei urform.

Ein skjerm av damp

over ei pint jord.

Vera eit grann av dette.


Vera i det bortdragande –

Men ikkje lenge.

Det drog snart meir fra kaos.

Sløret vart dropar tett i tett,

i dropens evige skapnad

uten byrjing eller slutt.


Dei fall,

svalande, utalde,

i tungt regn nedover ­–


Tarjei Vesaas
(Frå Leiken og Lynet, 1947)

søndag 20. juli 2014

DINE KNE OG MINE er eit av mine favoritt dikt...



DINE KNE OG MINE


Dine kne og mine

Og den varme mosen.

Og dei unge år.


Din torste sky,

Som min.

Og tung som min.

Guds auga i ei sol

i gløding.

Ditt eige rådvilt

Inn i mitt:

Farvel.

                   Tarjei Vesaas

tirsdag 29. oktober 2013

Har ikkje lagt ut noko av Tarjei Vesaas sidan april, det er alt, alt for lenge sidan...

Bortom det som seiest


Solsprett.
Skire Gud
og tinden.

Kappa, lett og bleikraud
breiest over.
Snøen logar,
det er alt ein ser.

Skuggens dal nedunder.
Djupt i slukte under.
Isen grøn i elva.
Ikkje anna skjer.

Snøtinds rot og feste.
Berget luter nederst,
svart i skuggens skugge,
nakent, vått, som skuldig.
Bortvend, blind og bunden
fjellvegg stuper ned.

- - -

Haldt ut, sjel i berg.
Einsleg, stengd, elendig,
fjernt frå gylne tindar,
fjernt frå gudens kappe,
trassig i sitt stengsel,
bortom det som seiest.
Haldt ut enno, enno:
det som skapest,
det som lykkast,
alt er bygt på det.


Tarjei Vesaas

mandag 29. april 2013

Sikkert ikkje det beste Tarjei Vesaas har skrevet, men dette diktet har betydd masse for meg...




VISE

Vi stod ei natt om våren
framfor eit ore-tre.
Der skar vi inn med kniven
Tvo namn i raude ved.

Og seint om sommarkvelden
i sæterstoga sval,
vi skreiv med kol på veggen
tvo namn og årsens tal.

Når isen la om hausten
På logne Venetjønn,
Vi skreiv tvo namn derutpå
Med kalde skeisejønn.

Om vintren kom i lunden
Ein stein av mørke grjot.
Eit einsleg namn er hoggi der
og lyser Gud imot.

                  Tarjei Vesaas

tirsdag 10. april 2012

Det vert aldri nok av nokon av Vesaas forfatterane

INNBYING

Vil du gje meg handa ved månens skin,
lauv du er -
Under open himmel. Over open avgrunn.

               Som lauv
               er du og eg.
               Fort skjelvande,
               og fort borte.
               Kom -

                         Tarjei Vesaas

fredag 23. mars 2012

Diktet som berre ER Telemark...

Snø og granskog

Tale om heimsleg -
snø og granskog
er heimsleg.
Frå første stund
er det vårt.
Før nokon har fortalt det,
at det er snø og granskog,
har det palss i oss -
og sidan er det der
heile heile tida.
Meterdjup fonn
kring mørke tre
- det er for oss!
Innblanda i vår eigen ande.
Heile heile tida,
om ingen ser det,
har vi snø og granskog med.
Ja lia med snøen,
og tre ved tre
så langt ein ser,
kvar vi er
vender vi mot det.
Og har i oss ein lovnad
om å koma heim.
Koma heim,
gå borti der,
bøye greiner,
- og kjenne så det fer i ein
kva det er å vera der ein høyrer til.
Heile heile tida,
til det er sløkt
i våre innlandshjarte.
                      Tarjei Vesaas

onsdag 14. mars 2012

Tarjei Vesaas sine sterke ord om angst.

DET ROR OG ROR

Dagen er faren
– og det ror og ror.

Det mørke berget,
mørkare enn kvelden,
luter over vatnet
med svarte folder:
Eit samanstupt andlet
med munnen i sjøen.
Ingen veit alt.

Det ror og ror,
i ring,
for berget syg.
Forvilla plask på djupet.
Forkoment knirk i tre.
Forvilla trufast sjel som ror
og snart kan sugast ned.

Han står der òg
den andre,
han i bergfoldene,
i svartare enn svart,
og lyer utover.
Lam av synd.
Stivt lyande.
Stiv av støkk
fordi her ror –

Då må det gå blaff og blå-skin
fram og attende
som heite vindar
og som frost.

Det ror og ror i natt.
Det ser og ser ingen.
Ingen veit
kven som slikkar på berget
når det er mørkt.
Ingen veit botnane
i Angest sjø.
Ingen veit
kven som ikkje kan ro.
 Tarjei Vesaas