Viser innlegg med etiketten Olav H. Hauge. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Olav H. Hauge. Vis alle innlegg

fredag 21. august 2015

Det hender resultatet vert bra når ein forfattar skriv om ein anna, som når Olav H Hauge skreiv om Bertolt Brecht...


Bertolt Brecht


Bertolt Brecht var ein mangslungen kar.
Dramatikar, skodespelar, diktar.
Verseformi hans var tiltrøyvi,
ho stod på dørhella
som eit par tresko.

Olav H. Hauge

tirsdag 18. august 2015

I går 18. august var det 107 år sidan Hauge vart født så det er tid for nokre av hans dikt...


Syn oss åkeren din

Møt ikkje med:
gøyande hund,
hotande hand,
trakk ikkje i rugen!
Men syn oss åkeren din

ei morgonstund!

Olav H. Hauge

mandag 17. august 2015

Eg hentar fram Olav H. Hauge igjen...


Ætt

Er du i ætt med bjørki,
greider du deg lenge,
du toler både vind og regn
og at marki bit ditt hår.
Men du vert ikkje like ljos
og rak alltid:
skredebjørk
er knuldrut og krøkt
og svart i riset.
Er du i ætt med fura,
greider du deg òg,
og di lenger di skrinnare
du har det;
men du er skøyr i malmen
og tung i storm
og stur under snø.
Er du i ætt med finntoppen,
greider du deg lengst:
Flisgul og grøn i skjegget,
sint og seig som fan;
ingen ting bit på deg
- og ingen vil ha deg!

Olav H. Hauge

fredag 19. juni 2015

På ørnetuva av Olav H. Hauge var boka eg fann dagens dikt i...

Hoggestabben

Det er hardt å vera
stabbe under øksi,
har eg kjent.
Men eg lærde,
når dei plent
skulde velja meg:
Statt og teg!
Uppi nipa tek'e
stuvabrør til å logga.
Lat dei hogga
her i tunet!
Eg sprett og sprikjer
med mi flishogg-krune.

torsdag 18. juni 2015

Gamal diktar prøver seg som modernist er eit av mine favoritt Olav H. Hauge dikt...

Gamal dikta prøver seg som modernist

Han med fekk hug å prøva
desse nye styltrone.
Han har kome seg upp,
og stig varsamt som ei stork.
Underleg, so vidsynt han vart.
Han kan endåtil telja sauene til grannen.

Olav H. Hauge

torsdag 22. januar 2015

Olav H. Hauge er alltid ein god start på dagen, i dag kikka eg i samlinga Spør vinden for å finne eit dikt...

EG SIKTAR LITT YVER

Ei pil som skal råka, kan ikkje gjera
mange krokar. Men ein god skyttar
reknar med fråstanden og vinden.
So når eg siktar på deg, siktar eg litt yver.

Olav H. Hauge

mandag 19. januar 2015

Eit litt muntert Olav H. Hauge dikt har eg henta fram i dag...

  Sju vindar

Sju vindar, sju vindar

sulla og song.

Sju vindar, sju vindar

fann himmelen trong.

Sju vindar, sju vindar

møttest i kast.

Då vart det runddans,

då rauk det kvast!

Sjun vindar, sju vindar

skilde lag.

Og alle vindar

søv i dag.

Olav H. Hauge

  

torsdag 1. januar 2015

Olav H. Hauge fekk siste ord i 2014, saa med "Frostskadd apal" lar eg han starte 2015 og...

Frostskadd apal

Gud vite kva som kom åt deg,
stakkars skrøpelege krake,
som berre vil bløma og bera
og stå og luva på rot.
Dei hine renn ljose og rake,
men du gjeng heller tilbake
og kryler deg marki imot,
brodda med sporar og spjot.
Varsamt løyser eg torva
og høgg av ei rot med spaden.
Inni er berre svartved
etter ein kuldebolk.
Løynleg du leid av skaden
og sturde i svellande svaden
halvt millom liv og daude
og stod der til spott for folk.
Sparsam jordsogi sevje
og tungvunne salt i auren
du gøymde i sella og knytte
i duld til kvilande knupp.
Svarte var åri, og mauren
jakta på lus i lauvet,
til knuppane braut ein vår
og armodi lyste upp.
Merkt, og minna um døden
vaknar livet i angest
som det har lenge sove
framfor sin undergang…
Armaste livet gøymer
ein draum attum hjarteblad.
Såri til ulivs samlar
den rotskadde apalen saft
til frukter med rike kjernar.
Og skalden samlar kraft
og høgg sine syner i laft
i endå eit siste kvad.

 Olav H. Hauge

onsdag 31. desember 2014

Siste post i 2014 lar eg Olav H. Hauge faa...

Skeiserenn

Du startar i lag med storskridaren.
Du veit du kan ikkje fylgja han,
men du legg i veg
og brukar all di kraft
og held lag ei stund.
Men han glid ifrå deg,
glid ifrå deg, glid ifrå deg -
Snart er han heile runden fyre.
Det kjennest litt skamfullt med det
same.
Til det kjem ei merkjelig ro yver deg,
kan ikkje storskridaren fara!
Og du fell inn i di eigi takt
og kappstrid med deg sjølv.
Meir kan ingen gjera.

Olav H. Hauge

tirsdag 21. oktober 2014

Olav H. Hauge har her vore alt for lite av...

Elvi burtanum fjorden

Ho dett og dett
i dag som i går,
dett i berg
der berre ørn
fyk -
dett i eino,
dett tungt mot fjell
utan ljod,
utan song,
strævar og dett -
velt fram
or giljar og gjøttor,
bullar
i kvitskjegget,
stoggar
og heng -
dett
i tidløyse,
dett
i marebunden draum -
fær ikkje ord fram,
ikkje ljod…

Olav H. Hauge 

tirsdag 14. mai 2013

Her kjem eit Olav H. Hauge dikt...


Det er den draumen

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.


                 Olav H. Hauge

søndag 5. mai 2013

Før eg kryp til sengs så vil eg dele nokre linjer av Olav H Hauge...


Du var vinden

Eg er ein båt
utan vind.
Du var vinden.
Var det den leidi eg skulde?
Kven spør etter leidi
når ein har slik vind!


                        Olav H Hauge

onsdag 21. mars 2012

Olav H Hauge dikt

DIN VEG

Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende,
ut i det blå.

Dette er din veg.
Berre du
skal gå han. Og det er
uråd å snu.

Og ikkje vardar du vegen,
du hell.
Og vinden stryk ut ditt far
i aude fjell.


                              Olav H Hauge