Johann Wolfgang von Goethe sa "Minst en gang om dagen bør vi høre en liten sang, lese et godt dikt, se et vakkert bilde, og - om mulig - si et par fornuftige ord"... I denna bloggen tenkte eg å kvar dag (om mulig) legge ut eit innlegg som fyller minst eit av desse punkta.
Viser innlegg med etiketten Oskar Stein Bjørlykke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Oskar Stein Bjørlykke. Vis alle innlegg
søndag 14. desember 2014
Her kjem nokre linjer skrevet av Oskar Stein Bjørlykke
Åndeleg fattigdom
Heretter finst det ikkje
lenger åndeleg fattigdom
Heretter finst det berre
dom over den fattige ånd
som seier at den fattige
har si rike ånd å ta vare
på, medan den rike må vere
fattig i ånda for å kunne
ta vare på sin rikdom.
Oskar Stein Bjørlykke
mandag 13. oktober 2014
Det vonde flyt bort er eit av Oskar Stein Bjørlykke sine beste dikt...
Det vonde flyt bort
Det vonde flyt bort
i lag med meg
lenge flyt vi slik
det vonde og eg
vi flyt og flyt
men når
vi har flote lenge
då går eg opp
på land igjen
åleine
Oskar Stein Bjørlykke
Det vonde flyt bort
i lag med meg
lenge flyt vi slik
det vonde og eg
vi flyt og flyt
men når
vi har flote lenge
då går eg opp
på land igjen
åleine
Oskar Stein Bjørlykke
mandag 29. april 2013
Oskar Stein Bjørlykke har eg heilt gløymt av å legge ut...
Midt mellom
Midt mellom fellesskapet og fridomen låg også
angsten. Du ville vera heilt nær og heilt fri.
Eg merka korleis du heldt fast i handa mi,
og rømde.
Oskar Stein Bjørlykke
Abonner på:
Innlegg (Atom)