søndag 8. april 2012

Det kan ikkje bli nok Halldis Moren Vesaas



VENNEHAND

Du gav meg så sæl ei gåve.
Min venn du gav meg di hand.
I ditt auge stod og Gleda
ved attersynet og brann.

Eg vann ikkje sleppe di hand straks,
og du Heldt deg fast kring mi.
Så mangt er hendt frå me møttest sist,
men venner som før er vi.

Det sang av fryd i det bandet.
som hjarte til hjarte batt.
Så mange me Heldt av er borte.
Godt at du Enno er att.

Vi lærde i mørket å signe
kvart lys som får skine enn,
og eitt av Lysa langs vegen min
Er det at du er til, min venn.

Av Halldis Moren Vesaas.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar