onsdag 11. februar 2015

Togn og tale heiter diktet eg har funnet fram i dag...


TOGN OG TALE.

Tider til å  tala - 
til   å teia.
Som mannen
søkjer møy,
slik søkjer
tanken ord.
å, det er
sælestunder
når dei finn i hop.
Still, lukkeleg
er kvar ei
skapningsstund.
Eit heilagbrot
å bruke ord
og rivi togni sund.


Jan -Magnus Bruheim


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar