søndag 22. februar 2015

God morgen! Eg starte dagen med å dele dette diktet av Åse-Marie Nesse...



Kalypso

Eg tenner eit fyrlys for alle som elskar
for dei som ror i ring og aldri finn same rytmen
for dei som berre lyder til signal
frå framande farty
for dei som støytte på grunn i medvind
for dei som styrer etter stive sjøkart
utan å ense måkars mjuke flog
for alle som kjenner dei sju hav
og aldri lodda djupa i sitt eige hjarta

eg tenner eit fyrlys
for all villfaren kjærleik
så vegen til det lova landet
blir synleg i natt.


Åse-Marie Nesse


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar