Den kvite fuglen
Vil einkvan deg vel,
flyg ein kvit fugl or hjarta hans,
kjem til deg
og kvitrar kjærleg.
Vil einkvan vondt,
kjem svart fugl,
set seg på stein,
stirer stingande.
Til kvardags har alle fuglar
mellomfargar.
Men ligg du i avgrunnen,
står du på tinden,
da er alle fuglar
kvite ell svarte.
Gløym aldri aldri
den kvite fuglen
som kom i avgrunnen
og kom på tinden!
Ragnvald Skrede
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar