mandag 21. november 2016

VINGENATT dikt 4 av 20...



ENGLEVENGER

Dine vernande englar
snøkledde
vaker gjennom vinteren
frys i din feber
maktar så vidt å bryte
jernringen av vakter

Så langt bortefrå
er englane 
men så nære i blikket
så stumme
av alt dei har sett
i det store menneskemørket

På vengene deira
Guds finger skriv
ustanslege bodskap
berre du kan tyde:
noko om ein vår
og Guds veldige vindar
over landet

Åse-Marie Nesse

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar