LITE MØTE
Ho var ein jentestilk på ein og tjue,
vi var to lyse sjeler i ein båt,
ei filipine i eit lyst gult eikespenn -
Vi vingla bladlett på ein sørlandsfjord
og beit forsiktig i kvarandres kjøt
og våre totaktshjerte slo. To knop.
Ho vippa blikket over ripa, ville
få fanga enn eit sommarglimt. Eit sund,
eit gråsteinsrike kring vår sjø. Eit furutre -
Og sa ed alt i auget: Landet vårt?
Kor lenhe trutr du vi lyt slåst for det?
Slik fekk eg greie på at ho var med.
Edvard Hoem
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar