onsdag 2. september 2015

Ser det er nesten 2 år sidan eg la ut eit av Hans Sande sine dikt, best eg rettar på det med eingong...


 FOLKEVISE 

Korleis lear jentene på seg?
Dei lear seg slik
at dei galne blir friske 
Dei lear seg slik 
at dei friske blir galne
Dei lear seg slik at månen går opp
og ned 
tre gongar kvar natt
og tømer månekvitt over alle hav

Hans Sande

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar