fredag 27. juni 2014

Fryktelig lenge sidan sist eg posta, men her kjem nokre Halldis Moren Vesaas ord...

Den andre
 
 
Min elskar? Min elskar er lys,
gyllen av sol hans hud,
hans famntak så varmt og fast
at hjartet mitt aldri frys.
 
Han eig meg, og aldri eg sveik
vennen så kjær og god,
men drøymer vel titt i løynd
om ein som kjem streng og bleik
 
og kysser med villare glød,
enda hans munn er kald,
og lar det bli sagt om meg
eit underleg ord: Ho er død.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar