fredag 24. mai 2013

I ein blogg som dette er det nesten påkrevd med nokon linjer av Bjørnstjerne Bjørnson og med ei babysøster har eg vore innom desse linjene nokon gonger i det siste...


INGERID SLETTEN.


Ingerid Sletten af Sillegjord
havde hverken sølv eller guld;
men en liden hue af farvet uld,
som hun havde fåt udaf mor.


En liden hue af farvet uld,
havde hverken stas eller fo'r;
men fattigt minne om far og mor,
der skinned langt mer' end guld.


Hun gemte huen i tyve år,
måtte ikke slide den ud!
Så bærer jeg den så glad som brud,
når jeg for alteret går.


Hun gemte huen i tredive år,
måtte ikke skæmme den ud!
Så bærer jeg den så glad som brud,
når jeg for vor Herre står.


Hun gemte huen i fireti år,
hugsede endnu på sin mor,
"vesle min hue, forvist jeg tror,
vi aldrig for alteret står."


Hun ganger for kisten at tage den,
hjærtet var så stort derved;
hun leder frem til dens gamle sted,
da var der ikke tråden igen.


                                         Bjørnstjerne Bjørnson

onsdag 22. mai 2013

Eg berre elska måten Cindy Haug ordlegg seg på... nyt dette diktet utan tittel:)


Jeg prøvde å stå opp  Forflytte angsten
fra et rom til et annet  Utenfor
verden avisen vinduet  Noen går
omkring i gatene som om ingenting har skjedd
Jeg sier: INGENTING HAR SKJEDD
Jeg begynner å gå fra vegg til vegg
må holde meg i gang så ikke luften tomheten
presser meg flat  Skrittene sier: INGENTING VIL SKJE
Jeg legger meg ned og klorer i gulvet





                                                                            Cindy Haug

tirsdag 21. mai 2013

Hans Børli klarte gjer døden til noko vakkert...

 Døden

Døden er ikke slik:
En knokkelmann
som kveler ditt siste, ville skrik
med heslig hand.

Døden er ikke angst og ljå
og djevlekrav,
ikke måneskygger
rundt ei ribbet grav.

Nei, døden er fjell
som løfter sin svale snø
over vegen du drar.
Der skal du stå den siste kveld,
og se i skjær av solfalls-eld
hvor vakkert livet var.
 

                      Hans Børli

onsdag 15. mai 2013

I dag har eg henta fram ein finlandsvensk forfattar... Märta Tikkanen...






 

Behåll dina rosor

Behåll dina rosor
duka av bordet
istället

behåll dina rosor
ljug lite mindre
istället

behåll dina rosor
hör vad jag säjer
istället

älska mej mindre
tro på mej mera

Behåll dina rosor!


             Märta Tikkanen

I dag vil eg dele eit lite kjærleiksdikt skrevet av Tor Jonsson...

Når du er borte


Nærast er du når du er borte.
Noko blir bort når du er nær.
Dette kallar eg kjærleik -
Eg veit ikke kva det er .

Før var kveldane fylte
av susing frå vind og foss.
No ligg en bortgøymd tone
og dirrar imellom oss.


                Tor Jonsson

tirsdag 14. mai 2013

Her kjem eit Olav H. Hauge dikt...


Det er den draumen

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.


                 Olav H. Hauge

lørdag 11. mai 2013

Her kjem eit Tor Jonsson dikt...


ORDET

Kva hjelp det å syngje
som elv i det aude?
Kva hjelp det å kyngje
med klokker for daude?

Kva hjelp det å skapa
all venleik i verda,
når ordet lyt tapa
for svolten og sverda?

Slik undrast og spør vi
i modlause stunder.
Men hugse det bør vi:
Eit ord er eit under

Dei gløymest dei gjæve,
og alt det dei gjorde.
Men livet er æve.
Og evig er Ordet.
                  Tor Jonsson

mandag 6. mai 2013

Nesten eit år sidan forrige Aslaug Høydal dikt, så det er på høg tid å gi ho ordet...





UBRUKT DAG
Augo stirer mot ruta
ventar på eitkvart.
Blyanten ligg ferdig på bordet,
bladet breier seg ut.
Kvitt blad som ventar.

Augo stirer framleis.
Rykk og skjelv der inne,
strengjer vert sette i sving.
No, no!
Handi triv etter blyanten.
Fylla det kvite bladet,
fylla det fort.

Etterpå:
Blyanten ligg atter på bordet,
still.
Bladet er like kvitt.
Sukk mot ei svart rute:
Ubrukt dag,
fåfengt liv.
           Aslaug Høydal

søndag 5. mai 2013

Før eg kryp til sengs så vil eg dele nokre linjer av Olav H Hauge...


Du var vinden

Eg er ein båt
utan vind.
Du var vinden.
Var det den leidi eg skulde?
Kven spør etter leidi
når ein har slik vind!


                        Olav H Hauge

fredag 3. mai 2013

Eit Bente Bratlund Mæland dikt eg har tatt fram igjen og igjen og igjen...

Møte

Møtte deg.
Du var trøytt. Andletet ditt bar spor
av gøymt smerte. Ting du hadde sett
inn i. Mål du ikkje hadde nådd.
Ein dirrande varme fylte meg. Eg
ville strekkja handa fram og røra ved
runene i andlete ditt, varsamt.
Vi sto der, nær einannan. Oppfatta
tause, uuttalte signal. Blikka våre
møttes nokre korte, sterke sekund.
Med avstand, innlært, høfleg sende
vi orda mot einannan. Men bak orda,
i orda, møttes vi, taust, nakne.
Eg gjekk frå deg med ei litt opnare
dør - mot livet.

                      Bent Bratlund Mæland

Tid for ein Sondre Bratland sang igjen...


onsdag 1. mai 2013

I dag måtte eg berre gi ordet til Nordahl Grieg.

Sprinterne

Niggeren Owens sprinter,
germanerne stuper sprengt.
Det blonde Stadion undres,
og Føreren mørkner strengt.
Men tenk da med trøst på alle
jødiske kvinner og menn
som sprang for livet i gaten -
dem nådde dere igjen.

                 Nordahl Grieg