GLAD
I kveld er eg glad
so underleg glad.
Kvifor?
Veit ikkje, berre glad.
Og så ljost i rommet
kva det no kjem av.
Med eitt demrar i minnet:
Det var i dag eg skifte
ljospære,
og ho lyser betre
enn den gamle.
So enkelt er det.
Aslaug Høydal
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar