DET FYRSTE DU HAR Å GJERA
Det fyrste du har å gjera, mann,
det er å døy,
når ikkje lenger du elska kan
den fagre møy.
For då er det ute med spræke gut
og mannens verd,
for då er livet alt brunne ut,
det oske er.
Og derfor stødt som det beste galdt
eit hjartelag.
Og derfor mannen han elskar alt
til døyand-dag.
Og lever nokon som ikkje liv
av kjærleik saug,
då gjeng han atter og sviv og driv
som bleike draug.
Aasmund Olavsson Vinje
Johann Wolfgang von Goethe sa "Minst en gang om dagen bør vi høre en liten sang, lese et godt dikt, se et vakkert bilde, og - om mulig - si et par fornuftige ord"... I denna bloggen tenkte eg å kvar dag (om mulig) legge ut eit innlegg som fyller minst eit av desse punkta.
tirsdag 26. juni 2012
onsdag 20. juni 2012
Har vore sløv med å poste nå, men her kjem eit dikt igjen.
GLAD
I kveld er eg glad
so underleg glad.
Kvifor?
Veit ikkje, berre glad.
Og så ljost i rommet
kva det no kjem av.
Med eitt demrar i minnet:
Det var i dag eg skifte
ljospære,
og ho lyser betre
enn den gamle.
So enkelt er det.
Aslaug Høydal
I kveld er eg glad
so underleg glad.
Kvifor?
Veit ikkje, berre glad.
Og så ljost i rommet
kva det no kjem av.
Med eitt demrar i minnet:
Det var i dag eg skifte
ljospære,
og ho lyser betre
enn den gamle.
So enkelt er det.
Aslaug Høydal
onsdag 6. juni 2012
tirsdag 5. juni 2012
Halldis Moren Vesaas kunne skildra kjærleik...
DINE ORD
Dine ord
ville eg lese
slik som dei blinde les:
med fingertoppane
leite meg fram
ord for ord, inn mot deg.
Med synet finn eg
berre dei skrivne teikn
I kjensle og hud
kanskje minnet om deg
let meg få kjenne deg nær
kjenne deg att
kjenne deg
om eg fekk drikke inn dine ord
gjennom dei tørste tørste fingertoppar
Halldis Moren Vesaas
mandag 4. juni 2012
Ein blogg som denne må jo ha eit Inger Hagrup dikt.
JEG ER DET DIKTET
Jeg er det dikt som ingen skrev
Jeg er det alltid brente brev.
Jeg er den ubetrådte sti
og tonen uten melodi.
Jeg er den stumme leppes bønn.
Jeg er en ufødt kvinnes sønn,
en streng som ingen hånd har spent,
et bål som aldri er blitt tent.
Vekk meg! Forløs meg! Løft meg opp
av jord og berg, av ånd og kropp!
Men intet svarer når jeg ber.
Jeg er de ting som aldri skjer.
Inger Hagrup
lørdag 2. juni 2012
NÅ MÅ DA VERA ASLAUG VAA SIN TUR...
SO RODDE DEI FJORDAN
So rodde dei fjordan, so køyrde dei strondi.
So rei' dei lidan, so vassa dei sundi
Og heggeliljune duppa i bakkan,
Paa kyrkjegolvstiljune inn svinga stakkan'
Det var Liv og Tone, og Rannei og Gyri,
Og Gamla paa Fjone, lett trippa fyri.
Det var Knut og Livaar, og Sveinung og Tore,
Og buggen sin Styrkaar fraa Utigaard Jorde.
Og inn dei seg sessa paa kvaare si side,
So lydde dei messa men tanken ro/k vide.
Og Knut saag paa Tone, og Rannei paa Livaar,
Og Gamla paa Fjone laut tenkje paa Styrkaar.
Daa klokka ho klemta og kvendi sukka
Og karane kremta og ut dei seg tukka.
Og sunnan og norran dei helsa i hendan
So rodde dei fjordan, so køyrde dei strendan.
Aslaug Vaa.
So rodde dei fjordan, so køyrde dei strondi.
So rei' dei lidan, so vassa dei sundi
Og heggeliljune duppa i bakkan,
Paa kyrkjegolvstiljune inn svinga stakkan'
Det var Liv og Tone, og Rannei og Gyri,
Og Gamla paa Fjone, lett trippa fyri.
Det var Knut og Livaar, og Sveinung og Tore,
Og buggen sin Styrkaar fraa Utigaard Jorde.
Og inn dei seg sessa paa kvaare si side,
So lydde dei messa men tanken ro/k vide.
Og Knut saag paa Tone, og Rannei paa Livaar,
Og Gamla paa Fjone laut tenkje paa Styrkaar.
Daa klokka ho klemta og kvendi sukka
Og karane kremta og ut dei seg tukka.
Og sunnan og norran dei helsa i hendan
So rodde dei fjordan, so køyrde dei strendan.
Aslaug Vaa.
Abonner på:
Innlegg (Atom)