onsdag 23. mai 2012

RAGNAR HOVLAND

DØDEN

Det er lenge til eg skal døy,
har eg bestemt.
Det er mykje eg skal ha gjort
før den tid,
mange jenter eg skal kysse
og gifte meg med,
mange land eg skal besøke
og hav eg skal symje i.
Og når døden ein dag kjem
i den store svarte bilen sin,
skal eg først be han inn
på ein kopp svart kaffi
før vi set oss i bilen og kjører.
Og når døden snur seg mot meg
og spør: No har du fått
gjort alt du skulle?
skal eg svara fornøgd:
Ja, det har eg.
                                   Ragnar Hovland 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar