torsdag 31. mai 2012

Kan ikkje legge ut Førstemann utan Andremann

Andremann

Han øvde og prøvde
det beste han vann
men blei aldri bedre
enn andremann
Alltid tapte han med eit par meter
alltid åt einkvan fleire poteter
og kom han til topps
i det høgaste tre
var alltid ein annan
på vegen ned
til og med inne på dass
måtte han venta på plass
Han øvde og prøvde
det beste han vann
men blei ikkje bedre
en andremann

Han ville så gjerne ...
                               Rune Belsvik

På tide med eit av barnedikta til Rune Belsvik

Førstemann

Han var så flink
å springa fort
han sprang
og srang seg aldri bort
først i mål
først til fjells
sliten som ein makk til kvelds

Han orka ikkje
å gå på do
men kraup til sengs
med dress og sko
-det var mykje
han skulle gjort
men han rakk ikkje meir
enn å springa fort
              Rune Belsvik

fredag 25. mai 2012

HAPPY TOWEL DAY!!!


I denne bloggen var planen at eg kvar dag skulle legge ut eit godt dikt eller ein fin sang eller noko slik... I dag er dagen for eit innlegg litt utenfor den ramma... 25.05.12. Ikkje berre er det towel day, men legg du saman desse tala 25+5+12... då får du 42! Ja, akkuratt du får 42... det endelige svaret på livet, universet og alt mulig...
Sidan det er towel day, dagen for å hylle Douglas Adams, denne geniale forfattaren som klara kunststykke å få til og med meg til å bli oppslukt av anna enn realisme (allerhelst naturalisme), som klara få meg til å bli oppslukt i fantasy litteratur og humor... eg som normalt kan finne Amalie Skram litt i muntraste laget... Summen 42 på towel day må jo bety at dette er dagen for å dele nokre Douglas Adams sitat med dåke...

"In the beginning the Universe was created. This has made a lot of people very angry and been widely regarded as a bad move. "


"It is a mistake to think you can solve any major problems just with potatoes."

" If somebody thinks they're a hedgehog, presumably you just give 'em a mirror and a few pictures of hedgehogs and tell them to sort it out for themselves."

" I'm spending a year dead for tax reasons."

" It is a well-known fact that those people who must want to rule people are, ipso facto, those least suited to do it... anyone who is capable of getting themselves made President should on no account be allowed to do the job."

" The knack of flying is learning how to throw yourself at the ground and miss."

 "The major difference between a thing that might go wrong and a thing that cannot possibly go wrong is that when a thing that cannot possibly go wrong goes wrong it usually turns out to be impossible to get at and repair."

 "He was a dreamer, a thinker, a speculative philosopher... or, as his wife would have it, an idiot."

" I seldom end up where I wanted to go, but almost always end up where I need to be."

" I love deadlines. I like the whooshing sound they make as they fly by."



... berre nokon eksempel på fantastiske Douglas Adams sitat... Douglas Adams denne unike, fantastiske mannen som har fått meg til å innsjå at ting treng ikkje ver svarte og seriøse for å ha verdi... som har lært meg å finne gleda i det heilt urealistisk, vannvittige... som har lært meg at alvoret kamuflert i humor og vas har like stor verdi som den djupt, seriøse og realistiske.

HAPPY TOWEL DAY!!!!

Og før eg publisere... KVIL I FRED KJÆRE THOR... eg savna virkelig våre Douglas-Adams-sitat-duellar og andre givande og oppmuntrande samtalar. Minne om deg er endo friskt og levande og spesielt på dagar som denne tenke eg  tilbake på alt du gav meg og er takknemlig for eg fekk bli kjent med deg. Snille, kloke, omtenksome Thor... håpa du har det godt der du er nå.






onsdag 23. mai 2012

RAGNAR HOVLAND

DØDEN

Det er lenge til eg skal døy,
har eg bestemt.
Det er mykje eg skal ha gjort
før den tid,
mange jenter eg skal kysse
og gifte meg med,
mange land eg skal besøke
og hav eg skal symje i.
Og når døden ein dag kjem
i den store svarte bilen sin,
skal eg først be han inn
på ein kopp svart kaffi
før vi set oss i bilen og kjører.
Og når døden snur seg mot meg
og spør: No har du fått
gjort alt du skulle?
skal eg svara fornøgd:
Ja, det har eg.
                                   Ragnar Hovland 

torsdag 10. mai 2012

Språkundervisning frå Jan Erik Vold

ENKEL SPRÅKLÆRE

Returnere
betyr: å sende
tilbake. Å returnere en pakke betyr
å sende pakken
tilbake til der
den kom
ifra. Å returnere et menneske betyr å sende
vedkommende tilbake
til det land denne person
kom ifra. Nathan Eshete, 7 år gammel, født på
Stord, har aldri
vært i Etiopia. Å sende
Nathan ut av Norge
heter ikke å
returnere.
Det heter: å deportere.

Jan Erik Vold