mandag 31. august 2015

Dette er ein fin dag til å hente fram nokre ord av Ann Kavli...


SYN

Sjå!
Tre vannstjerner spring
over vått
og bergar seg
tørskodd
på steinane
som himmelen no heisar opp
til strålande soler.

Ann Kavli 

fredag 21. august 2015

Det hender resultatet vert bra når ein forfattar skriv om ein anna, som når Olav H Hauge skreiv om Bertolt Brecht...


Bertolt Brecht


Bertolt Brecht var ein mangslungen kar.
Dramatikar, skodespelar, diktar.
Verseformi hans var tiltrøyvi,
ho stod på dørhella
som eit par tresko.

Olav H. Hauge

tirsdag 18. august 2015

I går 18. august var det 107 år sidan Hauge vart født så det er tid for nokre av hans dikt...


Syn oss åkeren din

Møt ikkje med:
gøyande hund,
hotande hand,
trakk ikkje i rugen!
Men syn oss åkeren din

ei morgonstund!

Olav H. Hauge

mandag 17. august 2015

Eg hentar fram Olav H. Hauge igjen...


Ætt

Er du i ætt med bjørki,
greider du deg lenge,
du toler både vind og regn
og at marki bit ditt hår.
Men du vert ikkje like ljos
og rak alltid:
skredebjørk
er knuldrut og krøkt
og svart i riset.
Er du i ætt med fura,
greider du deg òg,
og di lenger di skrinnare
du har det;
men du er skøyr i malmen
og tung i storm
og stur under snø.
Er du i ætt med finntoppen,
greider du deg lengst:
Flisgul og grøn i skjegget,
sint og seig som fan;
ingen ting bit på deg
- og ingen vil ha deg!

Olav H. Hauge

tirsdag 4. august 2015

La nett fra meg ein Hamsun roman, så eg poste like godt eit av dikta hans...


MED RØDE ROSER 

Jeg knæler og rækker Hænderne frem
endskjønt jeg hører dit Nei.
Tag disse Blomster med Tak for dem
du pyntet med paa min Vej.
Jeg ser dig blusse som Roserne nu
og slaa dine Øjne ned;
kanhænde kommer du mangt ihu
af Sorg og af Kjærlighed.
Din Graad har dugget mit Sind som Regn,
dit Smil var min Sol igen,
du skabte af Verden en vakker Egn,
min Sjæl blev en Have i den.
Det blomstrer - det blomstrer i Haven nu
og dufter fra alle Bed.
O kom ikke mere din Sorg ihu,
men bare min Kærlighed!

Knut Hamsun