Naar eg for lenge, lenge, lenge sidan gjekk paa folkehoegskule vart eg kjent med ei fantastisk jente med ei nydelig stemme... I dag er ein slik dag der eg spelar sangane hennas igjen og igjen...
Johann Wolfgang von Goethe sa "Minst en gang om dagen bør vi høre en liten sang, lese et godt dikt, se et vakkert bilde, og - om mulig - si et par fornuftige ord"... I denna bloggen tenkte eg å kvar dag (om mulig) legge ut eit innlegg som fyller minst eit av desse punkta.
fredag 26. september 2014
Trine Strand
Naar eg for lenge, lenge, lenge sidan gjekk paa folkehoegskule vart eg kjent med ei fantastisk jente med ei nydelig stemme... I dag er ein slik dag der eg spelar sangane hennas igjen og igjen...
torsdag 25. september 2014
"Regn i Hiroshima" er blant dei beste dikta til Tarjei Vesaas
REGN I HIROSHIMA
Idet ho lyfte handa
for å ta tekanna
kom eit blindande ljos –
var ikkje meir
alt var borte
dei var borte
omlaga til damp og sky,
gåtefullt, oppstigande og stumt.
Rop var ikkje rop i dette.
Men jorda slo høgt og vilt
ein knyttneve mot himmelen
ved mishandling,
– ved det attlevande veit
verda rundt
men ikkje orkar fatte:
Hiroshima –
Stigande, milevide slør,
dei var i det,
gått attende til ei urform.
Ein skjerm av damp
over ei pint jord.
Vera eit grann av dette.
Vera i det bortdragande –
Men ikkje lenge.
Det drog snart meir fra kaos.
Sløret vart dropar tett i tett,
i dropens evige skapnad
uten byrjing eller slutt.
Dei fall,
svalande, utalde,
i tungt regn nedover –
(Frå Leiken og Lynet, 1947)
onsdag 24. september 2014
onsdag 10. september 2014
Edith Södergran har skrevet diktet eg valgte i dag...
Min framtid
Ett nyckfullt ögonblick
stal mig min framtid,
den tillfälligt hoptimrade.
Jag skall bygga den upp mycket skönare
såsom jag tänkt den från början.
Jag skall bygga den upp på den fasta marken
som heter min vilja.
Jag skall resa den upp på de höga pelare
som heta mina ideal.
Jag skall bygga den med en hemlig lönngång
som heter min själ.
Jag skall bygga den med ett högt torn
som heter ensamhet.
Arvid Torgeir Lie kjenner eg lite til, men diktet "Frasene" har eg virkelig sansen for...
Frasene
Tett står muren av fraser rundt oss,
dei foraktlege frasene -,
eller er dei kanskje ikkje så foraktlege
som vi vil ha det til?
Dei seier då noko.
Òg i dei mest slitte frasene
ligg eit innhald.
Òg i dei ligg ein sannhet gøymt.
Men kva for ein sannhet?
Dette teier dei om.
Av den grunn våger ikkje folk
å bygge på frasene.
Arvid Torgeir Lie
mandag 8. september 2014
I dag er det eit Arne Ruset dikt eg vil dele...
Vi
kan ikkje eige kvarandre
tusen dikt har fortalt oss
at vi ikkje kan eige kvarandre,
men vi kan låne kvarandre
og gløyme levere tilbake.
Arne Ruset
mandag 1. september 2014
Eg har jo heile tida hatt nokon tankar om rammene for denne bloggen... hadde vel ein heilt klar tanke om å holde meg i den norske litteraturen, kanskje litt nordisk, utan at eg låste meg fast i ei slik grense,,, tvile på det blir mange unntak, men her kjem eit...
Notes On The Art Of Poetry
I could never have dreamt that there were such goings-on
in the world between the covers of books,
such sandstorms and ice blasts of words,,,
such staggering peace, such enormous laughter,
such and so many blinding bright lights,, ,
splashing all over the pages
in a million bits and pieces
all of which were words, words, words,
and each of which were alive forever
in its own delight and glory and oddity and light.
Dylan Thomas
Abonner på:
Innlegg (Atom)