torsdag 12. september 2013

Fekk ein idè... 10 innlegg på rad med Jakob Sande dikt... Dag 1 av 10 med Jakob Sande...




Eg har sett at når ungar/ungdom skriv blogg er det populært med slike innlegg over fleire dagar, 5 favoritt sangar, 10 filmar som får meg til å smile, 5 ting som gjer meg trist… Nå vil eg gjer min vri på det og gi dåke 10 dagar med dikt frå ein og same forfattar, 10 dagar med ytterpunkt frå Jakob Sande sin lyrikk.
Han er ein diktar eg beundre, som facinere meg og gleda meg… Eg kan ikkje sei han er favoritt diktaren min, men likevel muligens den eg beundra mest… beundra for lyrikken hans dekkar det vidaste spekter… og same kva ytterpunkt han er i så mestra han det like fantastisk…
Han dekkar det sarte, vakkre og det groteske. Dei djupe seriøse kjennslene og det muntre overfladiske. Han skildrar heimen med det rotnorske og han tek oss ut i verda. Han gjer oss glad og han gjer oss trist. Han underheld med vers me slepp tenke over og han manar fram dei djupe tankane… Han femnar om alt…
I dag kjem det første diktet...

SALME


Du som låg i natti seine
sorgtyngd, vanvyrd og åleine,
skjelvande på såre kne,
du som skåli trufast tømde
medan alle dine rømde,
stridsmann frå Getsemane!

Du som spotta vart og banna,
krynt med klungerkrans um panna
medan augo brann i sorg,
du som stod i namnlaus pine,
skild frå dei du kalla dine,
einsam i Pilati borg.

Du som hekk til krossen nagla
medan blodut sveitte hagla
frå di panne då du sa:
«Fader, kvifor gjekk du frå meg!»
Å, lat nådensblodstraum nå meg,
offerlamb frå Golgata!

Lær mi sjel kor laut du lida,
syn meg såret ditt i sida,
styrk og nør mi veike tru.
Syn meg dine merkte hender,
so eg frelst mitt auga vender
upp til deg på krossen, du.
                            Jakob Sande


Ein litt anna Jakob Sande enn den dei fleste av oss kjenner… Det djupt religiøse, høgverdige ytterpunktet hjå Jakob Sande.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar