tirsdag 17. september 2013

DAG 6 AV 10 MED JAKOB SANDE




Denne 6. dagen er vel tida komen til å legge ut eit døme på den groteske Jakob Sande i form av eit av hans absolutt mest kjente dikt


LIKFUNN

So fann dei han Ole Johan,
langt burte i Håsteins-hagen.
Der låg han og rotna og brann,
med solsteiken rett i magen.
Og magen var grøn og blå,
av steinklaka gorr og slim,
og flugor og kvitmakk små,
aula i yrjande stim.

Spyfluga grøn og feit,
la sine egg i skinne',
og ålkvite småmakkar beit
seg gangar og hol der inne.
Ei rotte stakk tranten ut,
                  kva svarten som no var og sjå?
Ho var som ein blodgorra klut,
med blankslimut hale på. -

Og augo hans Ole Johan,
var berre ei slimut glye
som nedover kinnet rann,
so sleip som ei slimut spye.
Og nasa eit blodraut sår,
der beinpipa lyste bleik.
                  For rotta ho var der i går,
og åt seg so feit ei steik.

Og lippa for kjøt var rein,
og gliste med kvasse tenner,
som illkvite stakk og skein,
som marssol på frosne fenner.
Og teven stod tjukik ikring,
denne blaute, flytande kropp,
og kråka sat rundt i ring,
og skrattta med høge hopp.




So tok dei han Ole Johan,
og la han på fire påla.
So bar dei han fire mann,
med' kråkene skrattta og skråla.
Mykje tå skrotten flaut vekk,
og mykje kvarv burt som eim,
og mykje i spyfluga gjekk,
men beina kom heile heim.

                    Jakob Sande

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar