mandag 16. september 2013

DAG 5 AV 10 MED JAKOB SANDE




Den sida av Jakob Sande eg vil peike på i dag er kjærleiks poeten… I dag òg vil eg trekke fram to dikt, først hyllesten til den utvalgte i


DU ER MIN LOS

Du er min los på
leia eg dreg,
du er mitt ljos på
nattville veg.

Sjølv om du vankar
Langt her ifrå,
i mine tankar
bur du enn då.

Der skal du bu som
song i mitt sinn,
venen min, du som
einast er min.

Der skal din kjærleik
vere mi bøn,
der skal din nærleik
vere mi løn.

Einsom eg stod og
du vart min del;
blod av mitt blod og
sjel av mi sjel.
                   Jakob Sande


Så den ulykkelig forelska, lengtande i


ALDRI


Alltid å tegja når
du er meg nær
aldri å segja kor
du er meg kjær.

Aldri få kjenna din
pust mot mitt kinn,
aldri få brenna min
munn imot din.

Aldri få loga som
eld imot deg:
slik er den soga som
klagar i meg.


      Jakob Sande


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar