lørdag 14. september 2013

DAG 3 AV 10 MED JAKOB SANDE...




Kva ende av spekteret skal eg peike på i dag på dag 3 då… kanskje det humoristiske, fandenivolske, sleivsparket mot kvinna…


SATANA

Eg trudde mest at Satan var eit mannfolk, eg, før,
og eg såg han so som alle dei hine,
som ein trolldiger gubbe med horn og med klør,
og med hestehov på føtene sine.
Men inatt fekk eg sjå den personen som han er,
med ein underleg, gåtefull smil kom han meg nær,
og då brått fekk eg anna å finne,
for då såg eg at Satan er ei kvinne.

Med ein løyndomsfull dragnad inn i augo ho meg såg,
til mitt hjarta som i feberrus brende,
og eg skalv for den trolldom som i augo hennar låg,
medan veik i hennar vald eg meg kjende.
Kvar ein tanke som eg tenkte til sitt upphav dei batt,
dei var myrke som ei skuggesvart, endelaus natt,
men det loga og blenkte på botn,
liksom kveldssol i skogsvarte votn.

Eg vart dregen mot den framande med viljelaus sinn,
og eg kjende som i vintunge draumar
hennar blodvarme, bivrande munn imot min,
til eg drukna som i havdjupe straumar.
Og ei dvaletung gløymsla over minnet mitt seg la,
då ho bøygde seg nedover meg og kviskrande sa:
«Du er min, du skal fylgje Satana
til det evige, store Nirvana.»


                                  Jakob Sande

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar