torsdag 19. september 2013

DAG 8 AV 10 MED JAKOB SANDE...



Eg er nå på 8 dagen og snart ferdig med desse Jakob Sande innlegga… I dag ein tekst frå sida som gir oss glimt inn i livet til sjømannen på veg ut i verda… Først hadde eg ikkje tenkt legge ut dette, men for Eilert si skyld... snille Eilert fortjene at det blir tatt med...


Da Daniel drog-

Vesle Daniel skal ut i verda
og gjer kista klar i denne stund.
Over hav mot sør går ferda
med «San Salvador» av Haugesund.

Der kjem far hans, gamle Dave Myra
med sin låspung, messinggul og blank,
og slær fast at har ligg månadshyra
like trygt stødt som i ein bank.

Men på kne ved leddiken ligg mor hans
og legg plagg for plagg i kista ned,
medan Knute-Sivert, yngste bror hans,
står og tryglar om å få bli med.

Mjukt og varleg stryk ho dyffelstrøya
som skal pryde Daniel i land,
og eit dobbelt kvitlepar for køya
legg ho ned med kjærleg moderhand.

Under loket ruvar reisenista
                  reine julekosten er det plent,                                        
og på heidersplassen øvst i kista
lyser salmebok og testament.

Men frå leddiken i løynd det glimtar
i eit lite fløekkut skilderi,
der med blomstret barneskrift ein skimtar:
«Di til døden trufaste Mari».

Har din glade lått med gråt seg blanda?
No er timen komen, Daniel!
Havet kallar på deg, kom med handa,
vesle Daniel, farvel, farvel!


                              Jakob Sande

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar