fredag 20. september 2013

DAG 9 AV 10 MED JAKOB SANDE...

Nest siste dagen med Jakob Sande... og sjølv om kalenderen berre viser september så kan eg jo ikkje avslutte desse ti dagane utan å ta med den teksten hans som eg vil tru det er aller flest som har eit forhold til... julesang diktaren Jakob Sande... (og eg vel å legge teksten ut med tittelen han gav den, sjølv om dei fleste av oss nå kjenner den med anna tittel)


JULEKVELD


Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld,
og tusende barnehender
mot himmelen ljosa held.

Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall,
som kom og vart heimsens Frelsar
som barn i ein vesal stall.

Der låg han med høy til pute
og gret på si ringe seng,
men englane song der ute
på Betlehems aude eng.
Der song dei for fyrste gongen
ved natt over Davids by
den evige himmelsongen,
som alltid er ung og ny.'


Jakob Sande

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar