torsdag 12. september 2013

DAG 2 AV 10 MED JAKOB SANDE...




På dag 2 har eg ikkje heilt klart å bestemme meg for kva eg skulle velge… Når eg vil vise Jakob Sande som vise- forfattaren med dei vare, varme skildringane av ungar i vår og sommar sol så er det to tekstar som kjem i tankane, to tekstar så jamn sterke og viktige at eg vel å ta med begge i dag…




DEN VESLE GJENTA OG FOLUNGEN


Når humla spelar i sommardagen
og solgangsvinden i graset går,
då stabbar oppå imot hamnehagen
ei lita gjente på  fire år.
Den vesle folungen ventar på  ho
i skuggen under ein gamal hegg.
Han spring til møtes straks han får sjå ho
og helsar glad med sin vesle knegg.


Fyrst lyt dei pynta seg litevetta
som skikken er når det ber i dans.
Han nuppar henne i tussefletta,
ho driv og steller med luggen hans,
So stryk ho varsamt den mjuke mulen
med eine handa si, og med hi
ho rettar honom kakesmulen
som ho har gøymt på i lomma si.


Og so går leiken på kjende trakter
i hopp og sprang over stokk og stein.
Dei sprett og dansar med kåte fakter
på sine grannlagde lange bein.
Og han flyg føre og ho flyg etter
  slette marka i tråv og kut,
so vinden plystrar, og svans og fletter
i laus lufta står ende ut.




Men heit er dagen og lei er kleggen
for den som liten i livet er,
og skuggen lokkar ved gamleheggen,
og mjukt er graset ved rota der.
Ein småfugl kvitrar og syng på greina,
og glytter nyfiken på dei to.
Han strekkjer frå seg dei lange beina,
og trygt ,mot halsen hans sovnar ho.

Jakob Sande





Neste tekst eg vil dela med dåke i dag, er…



FLØYTELÅT

Selja står saftgrøn og sevjemjuk,
kvistfri og ferdig til fløytebruk
  for hage smågutehender.

Tonen kjem smygande, mjuk og var,
aukar i kraft og fær døyvde svar
  langt borte frå andre grender,

Solgylt og djup med ein eim av vår,
slørd som i lengt og vemodig sår
  han skiftande stig og bårar.

Gåta om livet ligg løynt der i
jorbundne krefter som gjer seg fri,
  løyst ut gjenom tusen vårar.

Småfuglen tagnar i skogen då,
undrande sit han og lyer på
  og gløymer seg lange stunder.

Barnet som stabbar i garden lær,
undrar seg på kva vel dette er
  for spelande, blankt vedunder.

Frostvar på tun står ein gamal mann,
minnest den gong då ogso han
  sprang berrføtt i fjell og finne.

Tonane leikar i hugen hans,
augo står fjerne med dimslørd glans
  mot barndommens bleike minne.
                 Jakob Sande








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar