søndag 15. september 2013

DAG 4 AV 10 MED JAKOB SANDE...





På dag 4 er det vell på tide å legge ut den øl-tørste Jakob Sande…


ETTER EIN RANGEL

I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv,
   trur eg.
Eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med kniv,
   trur eg,
Eg skal aldri skråla visor meir i laddevinsrus,
men syngja åndelege songar på Zions bedehus,
   trur eg.

Alle kvinnfolk som eg møter skal eg sky som berre fan,
   trur eg,
og gå vyrdeleg forbi dei som ein nybakt kapellan,
   trur eg.
Eg skal sitja som ein munk i ein misjonskone-ring,
og drikka kaffi medan drøset går um åndelege ting,
   trur eg.

Det skal ingen meir få sjå meg når det lid til høgste natt,
   trur eg,
koma ruslande på heimveg utan stivety og hatt,'
   trur eg.
Eg skal leggja meg når grisen går til kvila i sit bol,
og stå upp når hanen flaksar og gjel i morgon sol,
   trur eg.

Ja, i morgon skal eg byrja på den gode veg som sagt,
   trur eg,
taka striden upp mot kjøtet og den heile develsmakt,
   trur eg.
Men i dag lyt det få vera, for eg er så spøkje tyrst
at eg mest må ha eit ølkrus til å leske meg på fyrst,
    trur eg.

                                           J. Sande

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar