søndag 5. oktober 2014

Voggesang for ein bytting har eg ikkje posta her endo... det er jammen på tide...



Voggesang for ein bytting

Bysse bysse stort stygt barn.
Troll blir du kalla med rette.
Digraste gryta må hengast i jarn
om du skal få din mette.
Vogga du ligg i er snart for trang,
du kavar og skrik og vil opp i mitt fang.
Tung er du, tung – og natta blir lang
for den som må bysse ein bytting.

Du er ikkje barnet mitt,
men eitt som er på meg tvinga.
Mitt barn var lite og vakkert og blidt,
og vermde så mjukt mot bringa.
Alle som ser deg, gir meg det råd
at eg burde plage deg, lugge og slå,
så vart du vel henta, så kunne eg få
tilbake det barnet eg miste.

Bysse bytting stor og stygg
-sjå ikkje såleis på meg.
Eg skal ikkje slå deg, ver du trygg,
og ingen skal ta deg frå meg.
Den andre er kvarmanns gull der han er,
men du, du er hata av alle her,
så trengst det da visst at eg har deg kjær.
– No trur eg du endeleg sovnar…

Halldis Moren Vesaas

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar