onsdag 8. oktober 2014

Usikker paa om eg kjem paa nett i maaro saa eg legg like godt ut eit ekstra dikt naa...

DEI TUSEN KVINNERS KVELD 

Så møter eg atter dei tusen
som aldri har sagt eit ord,
møter dei her i salmesusen
over ein nedgraven dag
og bortgløymd jord.
Dei tusen kvinner som skapar om
parken med blomar og poppelsus,
skapar han om til drøymde hagar,
hagar kring drøymde hus.
Dei raude munnar
er berre blødande sår
over dei såraste hjartegrunnar.
Bylgjande hår—
Føter og timar—som går og går—
Kvi er det så langt imellom oss?
så langt at berre dei raude munnar
og berre dei blinde augo lær
her i dei heilage lundar,
der elskhugsnatta og døden er nær.

Tor Jonsson

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar