tirsdag 14. oktober 2014

Ingvar Moe har eg ikkje sluppet til på litt over eit år...

Vårmorgon på jorda

Kom, ta mi hand og gå med meg,
eg har ei jord å visa deg,
kom, før det blir for seint
Kjenn, enno angar skogane,
sjå, koss det gror bak plogane,
sjå, vatnet er så reint.
Høyr fuglane på taket,
kjenn dagen kjem tilbake.
Kom, tak mi hand og gå med meg,
eg har ei jord å visa deg,
kom, før det blir for seint
Stiltra deg fram, eg trur vi må
taka litt betre vare på
alt jorda har å gi.
Sjå, skodda stig så stille frå
eng som ligg og grønkast nå,
høyr, gauken gjel i li.
Kjenn morgondogg i graset,
sjå sola skin i glaset!
Stiltra deg fram, eg trur vi må
taka litt betre vare på
alt jorda har å gi ….


 Ingvar Moe 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar