mandag 20. oktober 2014

Eit av dei dikta til Halldis Moren Vesaas som eg er mest glad i er "Bladrik grein", saa her kjeme det...



Bladrik grein

Eit nytt hjarte - er det så rart?
Det får vi da rett som det er!
Det får vi kvar gong vi møter
ein som vi rett får kjær.
Da brest det fram i vår bringe
under hans varme ord
eit hjarte til, som er berre for han
og vil han alt godt på jord.

Slik veks vi med hjarte ved hjarte
som greiner med blad kvar vår,
meir indereleg fast til livsens tre
for kvart eit nytt som vi får.
Det svid til mergen når eitt av dei blir
i utide rykt frå si kvist.
Eg veit ikkje kva for eit av mine
eg nødig ville ha mist. -

Å jo, dette leande, store, som gløder
for deg, venn, må losne sist!

Halldis Moren Vesaas

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar