tirsdag 23. april 2013

Planen min er å lese Einar Økland i dag, så då må det bli Einar Økland her òg...

Ein er for lite, men ein er nok

Ein er ikkje nok.
To er ikkje nok.
Tre er ikkje nok.

Elleve er også for lite.
Og tolv.
Og tretten.
Ikkje eingong fjorten er nok.

Men femten.
Når femten mann tar tak
i den tjukke jernplata
som er så stor som eit golv
og som det står ein mann på
og spelar trekkspel.
Då løfter dei den
over hovudet som ingenting.

Nå kan du til og med danse oppå.

Og dersom han som spelar trekkspel
verkeleg er ein spelemann.
Då kan også dei femten karane
dei som tok i og løfta
kome oppå og ta seg ein dans.

Ein skikkelieg spelemann er nok.


                                    Einar Økland

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar