lørdag 27. april 2013

I dag har eg funnet fram eit Aslaug Vaa dikt :)


Å eiga

Stundom spør ein:
Kan ein eiga eit anna menneskje?

Når to møtest
i hug og hold
og kjenner seg eitt
so ikkje anna er te -
kjenner seg eitt
i eit augnekast,
i eit lite ord,
i ein tanke,
i hugskot
som fer som kornmod
ivi blødmande engjir -
kjenner seg eitt
i det ein aller nevner
men som er som svalande regn
for solbrend mold.

Når to hev møtt einannan
slik at ikkje anna var te,
slik at dei kjende seg sterkar enn alt
og veikar enn alt,
skjønna berget, so hardt det er,
skjønna blomen, so mjuk han er -
Og stend eismalle att.
Er ein då eismall?
Er ikkje då det andre men'skje med
i kvar rørsle ein gjer?
Ja, kan ein då noko sinn bli einsmall
att?

For enno er men'skje bundne
og veit ikkje kva dei sei
når dei kvistrar til kvarandre:
eg elskar deg.

Fyrst dei hev sagt ordet
rymer dei
som for ein brand dei hev sett på.

Fyrst når to men'skje kan sei til kvarandre:
Gå der du vil,
du er du!
Gjer som du vil,
eg er eg -

Men eg ser vegen din
og eg lyder etter fotefari dine
og eg kjenner din vilje
strøyme gjenom blodet
i javne, rolege pulsslag -

Fyrst då kan to men'skje eiga kvarandre.


                                  Aslaug Vaa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar