fredag 12. april 2013

Nokon dagar berre må eg kose meg med nokre Aasmund Olavsson Vinje ord...



DET SYNG FOR STOREGUT


Han gjekk i skogen Storegut
ein dag upp under Breito-nut.
Og som han gjekk der upp og ned
og leita etter emnings-tre,
med eitt som nagla fast han stod:
for mot'n kom eit gjente-ljod,
som lokkar geit og sau og ku
mot kvelden heim til sæterbu
og bed ifrå seg bjørn og skrubb;
og når ho dette her song på,
som tårer kom i mælet då:


"Den dag kjem aldri at eg deg gløymer;
for om eg søver, eg om deg drøymer.
Om nott og dag er du like nær,
og best eg ser deg når myrkt det er.


Du leikar kringom meg der eg vankar.
Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du stødt meg fylgjer på ferdi mi,
som skuggen gjeng etter soli si.


Når nokon kjem og i klinka rykkjer,
d'er du som kjem inn til meg, eg tykkjer:
Eg sprett frå stolen og vil meg te,
men snart eg sig atter ende ned.


Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur d'er du som gjeng der og tuslar!
når sumt der burte eg ser seg snu,
eg kvekk og trur det må vera du.


I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
d'er du eg ser; deg i alt eg høyrer:
i song og fløyte- og fele-låt,
men endå best i min eigen gråt."


      Aasmund Olavsson Vinje

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar