torsdag 1. januar 2015

Olav H. Hauge fekk siste ord i 2014, saa med "Frostskadd apal" lar eg han starte 2015 og...

Frostskadd apal

Gud vite kva som kom åt deg,
stakkars skrøpelege krake,
som berre vil bløma og bera
og stå og luva på rot.
Dei hine renn ljose og rake,
men du gjeng heller tilbake
og kryler deg marki imot,
brodda med sporar og spjot.
Varsamt løyser eg torva
og høgg av ei rot med spaden.
Inni er berre svartved
etter ein kuldebolk.
Løynleg du leid av skaden
og sturde i svellande svaden
halvt millom liv og daude
og stod der til spott for folk.
Sparsam jordsogi sevje
og tungvunne salt i auren
du gøymde i sella og knytte
i duld til kvilande knupp.
Svarte var åri, og mauren
jakta på lus i lauvet,
til knuppane braut ein vår
og armodi lyste upp.
Merkt, og minna um døden
vaknar livet i angest
som det har lenge sove
framfor sin undergang…
Armaste livet gøymer
ein draum attum hjarteblad.
Såri til ulivs samlar
den rotskadde apalen saft
til frukter med rike kjernar.
Og skalden samlar kraft
og høgg sine syner i laft
i endå eit siste kvad.

 Olav H. Hauge

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar