lørdag 17. januar 2015

«Bilete med bakgrunn» som Jan-Magnus Bruheim gav ut i 1957 har fleire gullkorn...

Koma ein kveld ?

Ein kveld skal du leite
fram til ein stad
du aldri har vore før.
Fumle deg fram til huset,
opne ei dør –

Stå der og stryke
med blinde fingrar
over ting
som du ikkje kann sjå.
Veta dette:
Det er i kring deg
og til å nå.

Koma frå alt du veit,
inn i eit ukjent rom.
Sitja ei anings stund
og vente.
Og vera tom.

Koma ein kveld
til eit framandt hus,
når vegen er gått til ende.
Fumle med hendene –
ane det usedde
som ei kviskring.
Finne eit ljos
– og tende.

Jan Magnus Bruheim


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar