fredag 5. desember 2014

Tor Jonsson er ein av mine store favorittar... eg er glad i det dystre, mørke...


Fossen

Døden ropar på alle.
Dagen er tung av strid
mot mektige dragsarmar,
tung av tid.
Er ror imot straumen, men fossen ropar.
Armane dovnar og båten driv -
Fossen skal stå som eit utropsteikn
etter mitt liv -

Eg vender augo mot fossen
og regnbogen over.
Det er som ein veldig kyrkjekor.
Eimane stig - det er presten som signar
den arme jord.

Eg strir imot dragsog og dunde krefter,
men kan ikkje snu.
Mi trøyst i døden er draumen,
draumen om dagen da mennesket skaper
regnbogen om til bru -

Tor Jonsson

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar