søndag 7. desember 2014

Einar Økland har eg ikkje lagt ut så mange dikt av...


Trøstedikt for dei som treng det

Gi ikkje opp,
du som er gift
og framleis er glad i dei glatte
og faste og slanke og brune og lang-
eller korthåra jenter
med heilt ufarlege fall mellom låra.

Kanskje er også di kone vakker.
Gi ikkje opp.

Kanskje er du også stygg.
Gi ikkje opp.

Kanskje har du den største glede i senga
av alle som sit eller står på trikken.

Opp mellom folks føter er heile verden
ein annan verden,
som liknar vår
til forveksling.

Den er ikkje berre god.
Der er ikkje berre godt å leve.
Der er trongt eller einsamt, for varmt
eller kaldt,
og den største
urettferd rår.
Der er høge skattar og låge innkomer,
arbeidsløyse, for mange barn og elendig helsestell der.

Ja, mellom folk føter er også skolestellet elendig,
nesten som i eit utland.
Segregasjon og språkvanskar, slit og forkjøling
mellom alle folks føter.

Alle vil bu der. Prisane stig.
Snart må ein stå. Blir det likt for alle?

Likevel.
Du som er gift og har meir
lyst på jenter enn plassen tillet,
gi ikkje opp!

Kanskje er også di kone under
ein framands oppsikt.
Og ein dag eller seinare nå
vil du møte henne
ein ukjend stad
nesten åleine
i blomstrande kjole
med opningar overalt.

Einar Økland

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar