torsdag 25. september 2014

"Regn i Hiroshima" er blant dei beste dikta til Tarjei Vesaas


REGN I HIROSHIMA



Idet ho lyfte handa

for å ta tekanna

kom eit blindande ljos ­–

var ikkje meir

alt var borte

dei var borte

omlaga til damp og sky,

gåtefullt, oppstigande og stumt.

Rop var ikkje rop i dette.

Men jorda slo høgt og vilt

ein knyttneve mot himmelen

ved mishandling,

– ved det attlevande veit

verda rundt

men ikkje orkar fatte:

Hiroshima –


Stigande, milevide slør,

dei var i det,

gått attende til ei urform.

Ein skjerm av damp

over ei pint jord.

Vera eit grann av dette.


Vera i det bortdragande –

Men ikkje lenge.

Det drog snart meir fra kaos.

Sløret vart dropar tett i tett,

i dropens evige skapnad

uten byrjing eller slutt.


Dei fall,

svalande, utalde,

i tungt regn nedover ­–


Tarjei Vesaas
(Frå Leiken og Lynet, 1947)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar