onsdag 10. september 2014

Arvid Torgeir Lie kjenner eg lite til, men diktet "Frasene" har eg virkelig sansen for...


Frasene

Tett står muren av fraser rundt oss,

dei foraktlege frasene -,

eller er dei kanskje ikkje så foraktlege

som vi vil ha det til?

Dei seier då noko.

 

Òg i dei mest slitte frasene

ligg eit innhald.

Òg i dei ligg ein sannhet gøymt.

Men kva for ein sannhet?

Dette teier dei om.

Av den grunn våger ikkje folk

å bygge på frasene.

 

Arvid Torgeir Lie

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar