tirsdag 17. april 2012

I dag vart eg gjort oppmerksom på ein fantastisk salme tekst...

Nattsalme

 

Det finst ei jord som opnar opp

sitt djup av svarte natt


og løyner både sjel og kropp


til ingenting er att


 

Det finst ei natt som møter deg


og tek deg mildt imot


og lèt deg kvila æveleg,


di hand, di sjel, din fot


 

Det finst frå Gud i alt som er,


i jord og nattevrimmel,


di sjel er hans, du er hans verd,


du lyser fram hans himmel






Jon Fosse

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar