lørdag 31. mars 2012

På tide med eit til Halldis Moren Vesaas dikt


HAV OG KONKYLIE

Eg leika med ei stor konkylie
den tid eg var barn.
Ho var så forunderleg laga
at la eg henne til øyra og lydde
brusa havet like ved,
havet som var fjernt som ei segn.

Eg ligg ved di bringe og lyder
til ditt hjarte der inne.
Det er som eg åtte heile havet
i ei konkylie påny,
og eg ligg og lyder og drøymer
lange, underlege draumar om havet,
det evige allkjærleikshav
som brusar igjennom ditt hjarte. -
                    Halldis Moren Vesaas

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar