tirsdag 20. mars 2012

Kan ikkje berre ha alvorlige dikt....

ÅSE FANTEMOR

Åse fantemor sat sessa uppved klokkaren sitt bord,
og drakk kaffi medan klokkarkona skjenkte.
Uppi trynet var ho svart som Guds hellige jord,
og som kopparkjelar kjakane blenkte.
Og den tannlause munnen som ei kaffikvern gjekk,
han var diger med eit skurvete sår på,
og på nasa, der ein dinglande nasedrope hekk,
sat ei vorte med eit kvitkrulla hår på.

Og Åse fantemor la i seg som ho likaste vann,
og mol uppatt den-der utgamle leksa
um dei borna ho laut dragast med, han Carl Johan,
og Sara, den farbannade kreksa,
dei som aldri tok formaning eller kristeleg tukt,
um ho trekste dei med staurar og stenger,
og som stelte seg so vanskapt, at no rapa det vel lukt
inn i heitaste med båe tvo, ja lenger.

Det var mest som det var utgjort med han Carl Johan,
for ilag med eit par utkropne fantar
slo han helselaus ein fredeleg og farande mann,
og tok frå honom ei vøle med kontantar.
Men fekk mor hans noko studnad då han tura og var rik?
Neigu såg eg kje so pass som ei krone!
Men no sat han som ein slave innpå fengselet i Vik,
og drakk vatn og togg stomp for å sone.

Og ho Sara var ei krekse for Vårherre, som sagt,
og alt arbeid liksom pesten ho hata.ø
Difor siglde ho til Bergen på ei bomsiglarjakt,
og slo pengar der um nættene på gata.
Ho stod i det som ei herrefru med dundrande kalas,
so når dagen rann låg alltingh i eit røre.
Men dei pengane ho tente gjekk til brennevin og stas,
so ho som mora var såg aldri eit øre,

Og Åse fantemor for borna sine gret ein liten skvett,
slik at tårene dei trilla etter nosa.
Sidan strauk ho seg på magen og sa at ho var mett,
og so rapa ho og snytte seg i dosa.
Og då dette var gjort unna tok ho pipa si fram
og fekk karve seg ei skrå på bakstebotten.
Men ho mulla då ho kveikte at ein drusteleg dram
hadde jagu vore helsesam tor skrotten.



Jakob Sande

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar